Håndball i Trondheim
Til hovedsiden
  Håndball i Trondheim, sprer håndballglede  onsdag 24. mai
 

  FØRSTESIDEN

   AKTUELT


1. divisjon
Bringserien
Diskusjonsforum
Eliteserien
Håndball i Trondheim
Kommende kamper
Leserbrev
Sparserien
Finn nyhet:

   INTERAKTIV
Blogger
Fotoarkiv
 
   JOBBSENTER
Jobb søkes
Ledig jobber
Send inn annonse

   OM HiT
Kjøpe annonse?
Kontakt oss
Om oss
Redaksjonen
 
Påmeldinger

   ANNET
Lenker
 







GULL GULL

Av Martin Sværen
,  28.02.10


Studentene, ved Martin Sværen, sendte hyperraskt et leserbrev. Snakk om svar på tiltale. Her er den avtroppende leders syn på helgen.

NTNUI hadde med 8 damelag og 3 herrelag under SL, dvs. at nesten alle av våre spelarar var med under SL. NTNUI 1 som bestod av store delar av 3. divisjonslaget til NTNUI damer, med kallenamnet Nederlaget under SL, viste tidleg seg som eit favorittlag med å gå ubeseiera gjennom gruppespelet. Motstanden blei også rydda i kvart og semifinale og i finalen var det NHHI som stod for tur.

Finalen var ein jamn affære der begge laga følgde kvarandre tett og det var aldri meir enn nokon par måls leiing. Mot slutten var det heilt jamnt og begge lag var foran i dei siste fem minutta, men med 15 sekunder igjen setter Nederlaget ballen i mål og lagar frikast rett etter NHHI sitt avkast. NHHI klarar ikkje å få ballen i mål på dei resterande 2 sekundane etter ein god redning av målvakta til Nederlaget. Sigeren var eit faktum og gullfesten kunne starta.

Rett etter damefinalen var over var det gutta sin tur. Litt overraskande var to NTNUI-lag som skulle spela denne finalen, NTNUI 1 mot NTNUI 3. NTNUI 1 som bestod av store deler av 2. divisjonslaget til NTNUI og NTNUI 3, med kallenamnet NTNU i 100, som bestod av folk frå alle av NTNUI sine lag hadde hatt to litt forskjellige vegar til finalen.

NTNUI 1 hadde vunne alle sine kampar, mens NTNU i 100 gjekk vidare som lucky looser frå kvartfinalen og slo førre års finalist NHHI på sudden death i semifinalen. NTNUI 1 låg under mot NIHI i semifinalen etter bra spel av blant eliteseriespelar Steffen Skancke, men ein snudde kampen etter gode innhopp frå Mads Kjønstad og Frode Nygård.

I finalen blei det tydelig at NTNUI 1 var heiltent og NTNU i 100 var fornøgd med å komma til finalen, 1-1 blei til 1-11 som også var pauseresultatet. I andre omgang var også NTNU i 100 tilstede mentalt på banen og det blei meir spel og det blei jamnare, sluttresultatet blei 10-19.

SL har satt sitt preg på byen med sprintlangrenn på Moholt, aktivitet i hallar i heile Trondheim, koiefemkamp ved studentarhytta og ikkje minst i det generelle bylivet ( både natt og dag). Arrangementet har stort sett godt veldig bra og vonar alle har hatt det like bra som oss i NTNUI Håndball.

Gratulerar med gull, gull og sølv, og også ein ekstra gratulasjon til dei som kom på allstarlaget.

PS! Banketten blir det ingen referat frå, det får ein evt. fylle inn frå eigen varierande hukommelse.



Kommenter Kommenter denne artikkelen

Det er 5 kommentarer til denne artikkelen:

ffdrC2vtk3x 6LmYsrTi4 21/10 10:54
Allstar Komiteen 04/03 16:07
ntnu iiiii 03/03 21:38
allstar ntnuimartin 01/03 16:47
star ? all 01/03 13:54


Blyant  Legg til din kommentar:
Ditt navn: Tittel:
Kommentar: (maksimum 500 tegn)



Vis folkevett og sunn fornuft når du skriver din kommentar :-)


« Tilbake


 MENINGSMÅLING

Ingen aktive meningsmålinger

 FOTOARKIV
Besøk vårt rikholdige fotoarkiv!
Foto: Knut AM
CL-kval. Byåsen - Metz (2008-10/03)



     
 ANNONSER